Derfor er du alltid god nok

- uansett 🦋



Kjære deg,


Eg veit at du til tider kjenner deg utilstrekkelig. At du ikkje alltid er så rolig som du skulle ønske, eller til stedes i øyeblikket slik du drøymde om før barna kom. Kanskje ser du på andre og tenker: "Kvifor får dei det til, mens eg slit med å holde hodet over vatnet?"

Men her er sannheita: DU er den mammaen dine barn treng. Akkurat som du er. Det er ingen feil i deg.

Barna dine kom til DEG fordi du er den perfekte matchen for dei på den reisa de skal ha, og dei er her for å styrke deg, vise deg vei, akkurat som du gjer for dei.


Triggere er gaver i forkledning


Når du kjenner deg frustrert, overvelda, eller til og med sint, er det lett å tenke at du gjer noko feil. Men det er ikkje sant.

Desse følelsene er ikkje teikn på at du sviktar som mamma – dei er gåver. Kvar trigger du kjenner på, er som ein invitasjon til å sjå nærmare på deg sjølv, ein sjanse til å vokse.

Frå eit nevrovitskapelig perspektiv er hjernen din programmert til å reagere på stress. Men kvar gong du stoppar opp og velger å møte følelsene dine med nysgjerrighet i staden for kritikk, styrker du nevroplastisiteten din – evnen hjernen har til å endre seg. Små skift i tankemåte kan ha stor innvirkning på korleis du opplever kvardagen.


Du gjer ditt beste – og det er meir enn nok


Det er på tide å anerkjenne deg sjølv for alt du gjer. Du elskar barna dine. Du står opp kvar dag og gjer det beste du kan med det du har. Det finnes ikkje perfekte mammaer, men det finst mammaer som elskar, som prøver, og som er villige til å vokse. Som gjer feil og prøver igjen. Det er DEG.


Her er 5 steg til deg for å kjenne meir på styrken i deg sjølv:


🌿 Pust bevisst:

Når du kjenner stresset bygge seg opp, ta tre djupe pust. Tell til 5 på innpust og enda lenger utpust. Dette aktiverer det parasympatiske nervesystemet ditt og hjelper deg å finne roen.


🌿 Skriv ned ein liten seier kvar dag:

Kanskje klarte du å halde roen i ein situasjon som vanlegvis triggar deg. Kanskje ga du deg sjølv fem minutt til å puste ut. Alt teller.


🌿 Snakk til deg sjølv som du ville snakka til ei venninne: Ville du sagt til ho at ho var ein dårleg mamma for å miste tolmodigheten? Neppe. Du ville minna ho på kor mykje ho bryr seg, og at alle har dårlege dagar.


🌿 Sjå triggere som speil: Neste gong noko triggar deg, spør deg sjølv: "Kva kan dette lære meg om meg sjølv?" Kanskje det peiker på noko i deg som treng omsorg.


🌿 Gi deg sjølv det du treng: Barna dine treng ein mamma som også tar vare på seg sjølv. Kva gir deg energi? Eit varmt bad, ein tur i naturen, fem minutt med musikk? Gjer det.


Du er helten i deira liv ✨


For barna dine er du tryggleiken, kjærleiken, og styrken dei ser opp til. Men for å vera den helten dei ser, må du også sjå det i deg sjølv. Du gjer ein fantastisk jobb, mamma. Og kvar utfordring du møter, kvar trigger du får, er ein mulighet til å vokse enda meir inn i den mammaen du er meint å vera. Å finne enda meir styrke i deg sjølv.


Du er meir enn nok. Og du er aldri aleine på denne reisa.

Med varme tankar til deg 🌸