Kjøpsvilkår – Hjerteledet Foreldreskap
1. Kven eg er
Hjerteledet Foreldreskap blir drive av Grete Helle, org.nr. 925 268 763.
Kontakt: grete@gretehelle.no
2. Kva du kjøper
Hjerteledet Foreldreskap er eit 8-vekers nettkurs med undervisning og ukentlige live Q&A-samlingar.
Kurset startar 05.10.2026. Du får e-post med all praktisk info rett etter kjøpet.
3. Pris og betaling
Prisen er 6 990 kr inkl. eventuell mva.
Du kan betale alt på ein gong, eller dele opp i 3 avdrag à 2 330 kr.
Vel du avdrag, forpliktar du deg til å betale alle avdraga, sjølv om du ikkje fullfører kurset. Om eit avdrag ikkje går gjennom, blir det forsøkt trekt på nytt. Blir det framleis ikkje betalt, kan tilgangen til kurset bli sett på pause til betalinga er i orden.
4. Angrerett
Du har som hovudregel 14 dagars angrerett ved kjøp på nett.
Kurset er digitalt innhald. Når du kjøper, samtykker du til at du får tilgang med ein gong, og at angreretten fell bort når du har fått tilgang til innhaldet.
5. Fornøydgaranti
Eg vil at du skal kjenne deg trygg på valet ditt.
Derfor har du 14 dagars fornøydgaranti frå kjøpsdato. Kjenner du at kurset ikkje er for deg, sender du ein e-post til grete@gretehelle.no innan fristen, så får du pengane tilbake.
6. Tilgang
Du får tilgang til alt kursinnhaldet så lenge kurset er tilgjengeleg ("livstids tilgang").
Om kurset flyttar til ein annan plattform, får du tilgang der. Om kurset ein dag blir avslutta, får du beskjed minst 30 dagar før, og moglegheit til å laste ned innhaldet.
Tilgangen er personleg og kan ikkje delast med andre.
7. Coaching – ikkje terapi
Hjerteledet Foreldreskap er coaching og undervisning. Det er ikkje psykologhjelp, terapi eller medisinsk behandling, og erstattar ikkje dette.
Eg er utdanna coach, ikkje psykolog eller helsepersonell.
Eg kan ikkje garantere eit bestemt resultat. Kva du får ut av kurset, avheng av korleis du brukar innhaldet i ditt eige liv.
Du er sjølv ansvarleg for korleis du brukar det du lærer i kurset. Kjenner du at du treng meir støtte enn kurset kan gi, oppmodar eg deg til å ta kontakt med fastlegen din eller anna helsepersonell.
Er du i ein akutt krise, ring 113.
8. Live-samlingar og opptak
Live Q&A-samlingane blir tatt opp og lagt ut i kurset. Om du deltek, kan det du seier eller skriv bli med i opptaket. Vil du ikkje det, kan du stille spørsmål anonymt på førehand.
Alt som blir delt av andre deltakarar er fortruleg og skal ikkje delast vidare.
9. Opphavsrett
Alt kursmateriell (video, lyd, tekst, øvingar) tilhøyrer Grete Helle. Det er for ditt personlege bruk og skal ikkje kopierast, delast eller seljast vidare.
10. Personvern
Opplysningane du gir ved kjøp blir brukt til å levere kurset, sende deg praktisk info og handtere betaling. Les meir på gretehelle.no/personvern.
11. Endringar og kontakt
Eg kan gjere mindre endringar i kursinnhaldet for å gjere det betre. Har du spørsmål om vilkåra, send ein e-post til grete@gretehelle.no.
Vilkåra følgjer norsk lov.