Personvernerklæring – Grete Helle / Hjerteledet Foreldreskap
1. Kven er ansvarleg
Grete Helle, org.nr. 925 268 763, er ansvarleg for opplysningane som blir samla inn på gretehelle.no og i Hjerteledet Foreldreskap.
Kontakt: grete@gretehelle.no
2. Kva opplysningar eg samlar inn
Når du melder deg på e-postlista, eit webinar eller lastar ned noko gratis: namn og e-postadresse.
Når du kjøper kurs eller coaching: namn, e-postadresse og informasjon om kjøpet.
Betaling: blir handtert av Stripe. Eg ser aldri kortnummeret ditt.
Når du bestiller coaching: det du sjølv skriv i bestillinga, og det du deler i samtalane.
Når du besøkjer nettsida: tekniske opplysningar via informasjonskapslar (cookies), sjå punkt 7.
3. Sensitive opplysningar
I kurset og i coaching deler du kanskje ting om helse, oppvekst eller barna dine. Dette er sensitive opplysningar. Eg behandlar dei fortruleg, brukar dei berre for å hjelpe deg, og lagrar ikkje meir enn nødvendig.
4. Kvifor eg brukar opplysningane
For å sende deg e-post du har meldt deg på. Grunnlag: samtykket ditt. Du kan melde deg av når som helst via lenka nedst i kvar e-post.
For å levere kurset eller coachinga du har kjøpt, og sende deg praktisk info. Grunnlag: avtalen mellom oss.
For rekneskap og bokføring. Grunnlag: lovpålagt plikt.
Eg sel aldri opplysningane dine, og eg deler dei ikkje med andre enn verktøya under.
5. Verktøy eg brukar (databehandlarar)
Systeme.io – nettside, e-postliste og kursplattform
Stripe – betaling
Calendly – booking av coachingtimar
Zoom – live-samlingar og coaching
Nokre av desse kan lagre data utanfor EØS. Dei har eigne avtalar som skal sikre at opplysningane dine er trygge.
6. Kor lenge eg tek vare på opplysningane
E-postlista: til du melder deg av.
Kursdeltaking: så lenge du har tilgang til kurset.
Coaching: notat frå samtalar blir sletta etter at forløpet er avslutta, om du ikkje ber om noko anna.
Kjøpsinformasjon: 5 år, fordi bokføringslova krev det.
7. Informasjonskapslar (cookies)
Nettsida brukar informasjonskapslar for at ho skal fungere, for å måle trafikk og til annonsering via Meta-pikselen. Du kan sjølv slå av eller slette dei i nettlesaren din.
8. Rettane dine
Du har rett til å:
få vite kva opplysningar eg har om deg
få retta feil
få opplysningane sletta
trekkje tilbake samtykket ditt
få ein kopi av opplysningane dine
Send ein e-post til grete@gretehelle.no, så svarar eg innan 30 dagar.
Meiner du at eg ikkje handterer opplysningane dine rett, kan du klage til Datatilsynet.
9. Endringar
Eg kan oppdatere denne erklæringa ved behov. Siste versjon ligg alltid på gretehelle.no/personvern.
Sist oppdatert: 27.09.2026